Årsmøte Fusa Arbeidarparti 2015

Fusa Ap hadde årsmøtet sitt på Tønnekafeen i Eikelandsosen i februar. Me hadde eit inspirerande besøk av nyvald leiar i Bergen Ap Eigil Knutsen. Han snakka om kommunereforma og samferdsel. Fusa Ap hadde og eit godt førebudd årsmøte med vanlege årsmøtesaker og val av nytt styre.

original

 Eigil Knutsen hadde innleiing på årsmøtet om at kommunereforma er dagens regjering sitt prestisjeprosjekt.Dei har stor tru på stordriftsfordelerog denne reforma føyer seg inn i rekka med andre reformer som politireforma, høgskulereforma osb. Kven kan sei at Bergen, som er den største kommunen i Hordaland er den mest veldrevne kommunen slik Høgre og Frp  styrer kommunen? I Hordalan er det sjølvsagt nokre småkommunar som kan ha fordel av å bli slått saman med nabokommunen. Innbyggjarane i småkommunar er som oftest veldig fornøgde med kommunen sin. Ap kan vera einig i at me må sjå på kommunestrukturen, men me kan ikkje bruka tvang .   Her er lokalt sjøvstyre viktig.

Ap ønskjer heller at me startar med ei regionsreform, der me evaluerer fylka våre. Me må arbeida mot å skapa større regionar. Regionane bør få meir råderett, dvs makt ut frå Oslo til den enkelte region. Regionane bør bli større enn dagens fylker, og  regionane bør få  fleire oppgåver.  Dersom Ap vinn neste stortingsval vil Ap starta dette arbeidet. Deretter kan ein sjå på kommunestrukturen.

Når det gjald tema samferdsel er det mange store prosjekt som er under utgreiing. Bru over Bjørnefjorden. Her er siste ord ikkje sagt. Me har aust - vest forbindelsen over Haukeli og Hemsedal. Det viktigaste for oss er å arbeida for opprustning Bergen - Voss , både veg og bane. Vegbygging er å tenka miljø: Framtida er elektiske bilar.


Val av styre

Det var val av styre ved leiar for valnemda Helge Mjånes.

Styreleiar                                               Agnete Digranes Aarvik           

Kasserar                                                 Viggo Furubotn

Sekretær                                                Ingebjørg Naa Helle

Styremedlem og

kvinnepolitisk kontakt                      Åse Margrete Hegre Riise

Styremedlem                                       Sveinung F  Halvorsen

Styremedlem                                       Viggo Nonås


Vara: Anne - Grethe Gjerdevik   -  Bergfrid Norheim  -  Turid Glesnes